Om Stovo
Ei open stove for nysgjerrige menneske.
Stovo er ein møteplass for litteratur, refleksjon og gode samtalar. Her løfter vi fram bøker, stemmer og perspektiv som kan setje noko i rørsle.
FØREMÅLET VÅRT
Samtalar i Stovo skal vera ein møtestad for refleksjon omkring spørsmål som rører seg i tida. Gjennom innleiingar, dialogar og utdjuping om kjelder vil vi setja søkelys på viktige problemstillingar. Vi vil søka forståing, auka medvit og kartlegga handlingsrom. Gjennom innleiingar, dialogar og utdjuping om kjelder vil vi belysa viktige problemstillingar. Vi vil søka forståing, auka medvit og kartlegga handlingsrom. Møta finn stad i ei kulturhistorisk råme, noko vi trur kan inspirera oss til å sjå vår tids utfordringar i eit historisk perspektiv.
VEDTEKTER - eit utdrag
- Føremål
Samtalar i Stovo er ein sjølvstendig, ideell organisasjon med interesse og engagement for omverda, fellesskap og enkeltmenneske. Vi ønskjer å gi rom for tenksam refleksjon og gode samtaler.
- Medlemskap
Deltaking i Samtaler i Stova er personleg og ope for alle. Inngangspengar til arrangementa gjeld som deltakingsprov, og betaling av årskort åpnar for tilleggstenester.
STYRET
Per september 2026 er styret samansett av Geirmund Nes, Paul Bernhard Lund, Rune Løvaas, Torgeir Fjeld og Brita Træbakken.
ETABLERING OG HISTORIE
Samtalar i Stovo vart oppretta 31. mars 2023 av Geirmund Nes, Paul Bernhard Lund og Johnny Roy Knudsen. Vedtektene er tilgjengelege, og org.nr. i Brønnøysund er 931 611 623. Kontonr.: 3530.35.14102 Adresse: Hardangerfjordvegen 321, 5600 Norheimsund
Inspirasjon og impulsar ved etableringa fekk vi frå Skjervheimseminaret på Voss, og vi mottek støtte frå Folkeakademiet i Kvam og Stiftelsen Fritt Ord. Men utan solid innsats frå styremedlemene og velvillig innstilling frå våre innleiarar ville denne organisasjonen ikkje kunna overleva. Vi er glade for store og små bidrag til drifta, noko som vil gi oss større handlingsrom og meir gjennomslagskraft.
